Kvar månad inviterer Stryn Næringshage til frukostseminaret INNOM.

INNOM er gratis og utan påmelding.

Hei, og velkommen til årets sjette INNOM!

Rekruttering og inkludering i praksis
Kven er eigentleg «dei frå NAV»? På denne utgåva av INNØM får du eit unikt innblikk i korleis NAV Nordfjord samarbeider med næringslivet og kommunen for å få fleire inn i arbeid.

Temaet er rekruttering og inkludering i praksis, og du får høyre korleis ulike aktørar bidreg – og korleis verkelege menneske har funne vegen tilbake til jobb og utdanning.

Programmet inneheld blant anna:

  • NAV Nordfjord om samfunnsoppdrag, utanforskap og funn frå bedriftsundersøkinga i Nordfjord

  • Presentasjonar frå sentrale samarbeidspartar som Movia, Falck og Flyktningtenesta i Stryn

  • NAV Arbeidslivssenter – med ein presentasjon utanom det vanlege

  • Sterke og ekte historier frå menneske som har fått støtte og moglegheiter i arbeidslivet

  • Ein lokal arbeidsgivar deler kvifor samarbeid med NAV har betydd mykje

🫖 Det vert som alltid lett servering, kaffi og gode samtalar.

Velkomen til ein inspirerande og nyttig formiddag!

20.juni kl.08–09.30

Neste INNOM

Stryn Vidaregåande Skule

INNOM finn du her

 

Ønskjer du å snakke på INNOM, eller har du tips til kven vi burde invitere?

Ta kontakt med Jenny Staalnacke på jenny@stryn-nh.no