Vi er her når du treng oss.

Dersom du ønskjer å starte eigen bedrift og treng å få ei næringsfagleg vurdering av etableringsplanane, kan du

henvende deg til oss i næringshagen.

Ei næringsfaglig vurdering er ei analyse av moglegheitene for at ein forretningsidé vil gje inntektssikring for etableraren. Næringsfaglig vurdering bør i tillegg innehalde ei vurdering av om prosjektet kan fortrenge allerede etablert virksomheit, om prosjektet krever både ei utviklings- og oppstartsfase og kor lange desse eventuelt bør være.

NAV kan be om næringsfaglig vurdering for eksempel når dei mottek søknader om dagpenger under etablering av egen virksomheit.

Denne teksten er henta frå NAV sine sider, og du kan lese meir om næringsfagleg vurdering der.