• Har du ein idé du ønskjer å sparre med oss på? Gjennom førstelinjetenesta i Stryn Kommune har vi moglegheita til å gje deg nokre timar gratis etablererbistand.

    Vi kan også bistå med å utforme idéen din, lage ein forretningsmodell og presentasjonar du treng for å vidareformidle det du har i tankane.

    Søknadsskriving er også noko vi har god kompetanse på, så berre ta kontakt!

  • Enten du vil utvikle bedrifta di eller treng rådgjeving rundt tiltak kan du kome til oss.

    Vi har eit nettverk av rådgjevarar på alt innanfor marknadsføring til korleis organisere eit selskap. Vi er også gode på rekruttering og utvikling av strategiar.

  • I slutten av kvar månad arrangerer vi INNOM, som er eit gratis frokostseminar med ulike tema.

    Vi tilbyr også eigne kurs og workshopar innan markedsføring på forespørsel, men du kan også kome med spesifikke ønskjer, så leiger vi inn kurshaldar om interessa er stor nok.

    Følg med i sosiale medier eller ta kontakt med oss om du ønskjer eit kurs til di bedrift.

  • Næringshagen har ikkje noko næringsfond vi kan bevilge pengar frå, og det har heller ikkje Stryn Kommune.

    Det vi kan hjelpe deg med dersom du treng midlar til utvikling, er å sjå på kvar du kan vere kvalifisert til å søkje midlar. Det fins mange støtteordningar der ute, og vi har som regel ei oversikt her hos oss.

    Så ta kontakt, så finn vi ut av det saman.

Kva gjer næringshagen?

Vi tilbyr bedriftsrådgjeving og gründerhjelp med statsstøtte.

I tillegg har vi eigne prosjekt, nettverksaktivitetar og kjenner mange dyktige folk du kanskje burde treffe.

Det er berre å ta kontakt med oss!

Små og mellomstore bedrifter som ønsker vekst, utvikling eller omstilling kan få hjelp frå oss. 

Lurer du på kven og kvar vi er?

Du finn oss i Stryn – i Tinggata 3.

Kom innom, så tek vi ein kaffe.

Stryn Næringshage er stolt SIVA-partner saman med INVIRO.